Heim
Tiltak
- Details
- Category: Uncategorised
- Published on Monday, 27 April 2015 08:52
- Hits: 65483
Kommunale oppgåver 2014 – 2017
16.2.1 Dei kommunale oppgåvene 2014 – 2017 kan stort sett delast inn i tre nivå:
1) Syte for at lag og organisasjonar i kommunen som driv med relevant kulturminnearbeid får den hjelp og støtte som er mogleg å gje.
2) Inngå som samarbeidspart med andre lag og organisasjonar, jf. museums- og kulturminnerådet.
3) Sjølvstendig part med eit overordna ansvar for eigne saker og prosjekt.
16.2.2 I Giske kommune skal ein leggje særleg vekt på å formidle den lokale fiskarbondekulturen/kystkulturen som har prega kommunen opp gjennom tida.
16.2.3 Kulturminneplanen er ein temaplan som må forankrast i kommunen sitt planverk. Temaplanen viser behov for at større område ved sentrale plassar i høve til kulturminne bør få ei særleg merksemd i arealplanen. I løpet av 2014 og 2015 vil ein gjennomføre ein landskapsanalyse nokre sentrale plassar i kommunen. Dette arbeidet vil danne grunnlag for vidare innspel til arealplanen.
16.2.4 Miljø- og kulturavdelinga vil nytte eksisterande ressursar og arbeide innan eigne økonomiske rammer, samt søkje om prosjektmidlar til dette formålet.
16.2.5 Immaterielle kulturminne som t.d. språk, skikkar, soger, handverksteknikkar, tradisjonelle arbeidsmåtar og liknande skal inngå i innsamling av kunnskap frå kommunen si side. Dette bør vere viktig arbeid i åra framover. Ein god del minne kan gjerast tilgjengelege ved intervju, filmopptak eller nedskrivne opplysningar frå lokale tradisjonsberarar. Dette bør gjerast ålment tilgjengeleg. Mykje tradisjon er allereie samla i ulike publikasjonar. Kommunen vil samle dette og legge ut ei offentleg referanseliste. Den immaterielle kulturarven er det som kjenneteiknar Giske kommune som samfunn – det gjev opphav og stadbunden identitet. Ein bør gå metodisk til verks for å få samla mest mogleg kunnskap om moderne tid.
16.2.6 Kommunal bruk av vegnamn og stadnamn er eit døme på bruk og bevaring av immateriell kulturarv. Det skal i regelen brukast nedervde, lokale namn på ein veg. Dersom dette er uråd, skal det lagast nye namn etter lokal namneskikk. Dette blir oftast gjort ved å bruke gamle bruksnamn på vegnamna.
16.2.7 Det finst bedrifter og personar i kommunen som utfører tradisjonelt handverk. I tillegg er Godøy Kystmuseum opptatt av handlingsboren formidling. Ein bør dokumentere handlingsboren kunnskap. Enkelte fiskarar opprettheld kunnskap om fiske/fangst som om få år kan verte gløymd. Denne kunnskapen bør ein take vare på så langt som råd, m.a. ved å dokumentere og formidle denne tradisjonen til nye generasjonar. Dette blir gjort allereie i dag ved formidling frå musea. Men dette arbeidet bør styrkast i kommande år. Ein bør legge til rette for ulike måtar å halde i hevd denne kunnskapen på. Eit døme på korleis dette kan gjerast, er å styrke eksisterande møteplassar, der ein har eit aktivt miljø som nyttar tradisjonane på ein praktisk måte. Her kan kommunen hjelpe til med utvikling av tiltak, samarbeid og ev. økonomiske tilskott.
16.2.8 Det er også svært viktige å få til eit samarbeid med skulane. Her kan ein til dømes tilby klasser/enkelte elevar tilrettelagde oppgåver innan kulturminneskjøtsel. Skulane kan få ”adoptere” sitt eige kulturminne som dei skal ta hand om. Og ein bør elles utforme eit hefte som fortel litt om korleis staden har utvikla seg i periodar av historia. Internett er også ein god informasjonskanal.
16.2.9 Kommunen vil jobbe vidare med å skilte og legge til rette for ferdsel til utvalde kulturminne. Ein vil også forsøke å få til samhandling mellom friluftstilbod og merking av kulturminne nært knytte til friluftsområde.
16.2.10 Ein vil legge vekt på å samle mest mogleg informasjon om kulturminna i kommunen på éin stad og legge denne informasjonen ut på Internett. Poenget er at folk lettare kan finne fram opplysningar om kvart kulturminne i kommunen. I tillegg vil ein gjere det enklare for folk å finne fram til andre nettstader som har informasjon om kulturminna i kommunen.
16.2.11 Ein ønskjer å føre vidare arbeidet med rådet for museum og kulturminne. Rådet gjev verdifull støtte i arbeidet attende til kommunen.
16.2.12 Forslag til vernetiltak, omsynssoner/vernesoner og skjøtselsplan for kulturminne. I løpet av rulleringsperioden skal ein gå gjennom samtlege kulturminne, og vurdere desse etter kva for kulturminne kommunen ønskjer å framheve eller ikkje. Ein vel her ut dei mest sentrale kulturminna i kommunen, og foreslår skjøtselstiltak for desse. Samstundes skal ein foreta ei verdivurdering av SEFRAK-bygg. Denne verdivurderinga kan m.a. ende opp i å fremme forslag til omsynssone/vernesone for dei mest viktige områda/ bygga. Arbeidet bør difor verte forankra politisk i kommuneplanen, arealplanen og økonomiplanen i løpet av 2014-15.
16.2.13 Yte tilskott til Alnes fyr og Solbakken skule i tråd med etablert praksis.
16.2.14 Årleg fordeling av kulturmidlar til museums- og kulturminnearbeid.
16.2.15 Vidareføre samarbeidet med Stiftinga Sunnmøre Museum om stilling som avdelingsleiar ved Godøy kystmuseum. I tillegg vil vi halde fram med å yte kommunalt tilskott til omvisarar (ungdommar) i sommarsesongen.
16.2.16 Gjennomføre landskapsanalyse på nokre utvalde stader i kommunen, ref. mottatte statstilskott til dette arbeidet.
- Details
- Category: Uncategorised
- Published on Monday, 19 May 2014 10:54
- Written by Giske
- Hits: 6607
Makkevika/Kvalneset ligg vest på øya Giske. Området er spesielt freda i høve til hekkande og trekkande fuglearter. Her finst eit stort tal arter med trekkfugl vår og haust. Rundt 220 arter er til no blitt registrert i kommunen. Også nokre skjeldne artar kjem innom. Når ein ønskjer å ta med dette området er det først og fremst teigdelinga på Giske som ein vil ha fokus på. Før teigdelinga kom i stand, høyrde utmarka til alle bruka i matrikkelgarden. Jorda kunne vere eigd av kongen eller kyrkja, her eigaren av Giskegodset. I praksis var det bøndene som dreiv utmarka. Utmarka blei delt mellom gardsbruka kvart år av ei oppnemnd gruppe bønder frå kva øy. Etter dei første utskiftingane vart fast teigdeling innført. Hensikta var heile tida at dei som eigde eller leigde jord skulle ha likt med god og dårleg jord. Det gjaldt også område til anna bruk, som tørkeplassar for fisk og torv til brensel m.a. Heile Giske var før utskiftinga eit stort klyngetun midt på øya. Områda rundt var mykje utmark og blei bruka til beite og forsanking til dyra. Steinrike stader vart nytta til tøreplassar for fisk. Utskiftinga av ladområde førte til at klyngetunet på Giske vart borte. Berre enkelte hus står att. Dei andre bruka flytta husa sine til der jorda deira var. Grensene mellom bruka blei retta opp og jordstykka blei meir rektangulære. Dette ser ein tydeleg når ein smaliknar gamle og nye kart.
Utmarka blei ofte ikkje med i utskiftingane, fordi dei mest var beite, og ein ikkje såg verdien av å dele opp beiteområda på kvart bruk. Område med torv til brensel og tørkeplassar for fisk, var viktige for folk heilt opp til 1950-talet. Det var også vaneleg enkelte plassar å leige ut deler av fisketørkeplassane til folk utanfor kommunen. Dette gav ei viktig ekstrainntekt til dei som budde på øyane. I tillegg var det også heilt vanleg å leige ut husrom og plass ombord på fiskebåtane som mannskap. Ein betalte då ein del av dei pengane ein tente på fiskja til hus- og båteigar, resten fekk ein behalde sjølv. Dette førte til at folk på øyane klarte seg betre i dårlege tider enn andre lengre inne i landet. Ein må i hovudsak tilbake i tida rundt 17-1800-tallet. Verksemda blei heilt borte på 1950-talet - oppstart av ei ny tid då mykje skulle bli heilt nytt og betre i Noreg, og gamle arbeidsmetoder og handtverk blei lagt ned.
Kløvnesteinane
- Details
- Category: Uncategorised
- Published on Tuesday, 04 March 2014 11:28
- Written by Giske
- Hits: 5358
Kløvnesteinane
Kløvnesteinane kom med isbreane
GPS-posisjon: N 62°31. 499’ Ø 006° 05. 991’
Av: Odd Egil Valderhaug
Ein må ta av frå turvegen og krysse riksvegen for å kome ned til kløvnesteinane. Dette er nokre enorme steinar som ligg nedanfor riksvegen mot flyplassen. Steinane er over 5 meter høge. Det som er spesielt med desse steinane er at det er steinsortar som ikkje finst på Valderøya. Ein må langt inn på fastlandet for å finne denne steinsorten. Truleg har desse kampesteinane kome med isbreane for tusenvis av år sidan. Steinane er eit populært fotomotiv.
Gange-Rolv
- Details
- Category: Uncategorised
- Published on Tuesday, 04 March 2014 14:12
- Written by Giske
- Hits: 7393
Ulike hendingar
- Details
- Category: Uncategorised
- Published on Tuesday, 04 March 2014 10:43
- Written by Giske
- Hits: 4938
Ulike hendingar
Her finn ein Internettlinkar til ulike hendingar som har hendt i Giske kommune opp gjennom åra.
Butikken på Blindheim, Vigra som vart flytta til Norks vegmuseum ved Hunderfossen i Oppland i 2007
Gislink.no er ei kartteneste som gjev mykkje nyttig informasjon om ulike tema. Når ein har kome inn på hovudkartet, gå til Tema-og datakilde (på den grå linja øverst), vel så Vis temadataliste. Her kan ein krysse av for ulike lag ein vil ha fram i kartet. Kartet kan ein some seg inn og ut av.