Verna landskapsområder

Tiltak

Print

Kommunale oppgåver 2014 – 2017

16.2.1  Dei kommunale oppgåvene 2014 – 2017 kan stort sett delast inn i tre nivå:

 1)      Syte for at lag og organisasjonar i kommunen som driv med relevant kulturminnearbeid får den hjelp og støtte som er mogleg å gje.

 2)      Inngå som samarbeidspart med andre lag og organisasjonar, jf. museums- og kulturminnerådet.

 3)      Sjølvstendig part med eit overordna ansvar for eigne saker og prosjekt.

16.2.2  I Giske kommune skal ein leggje særleg vekt på å formidle den lokale fiskarbondekulturen/kystkulturen som har prega kommunen opp gjennom tida.

16.2.3  Kulturminneplanen er ein temaplan som må forankrast i kommunen sitt planverk. Temaplanen viser behov for at større område ved sentrale plassar i høve til kulturminne bør få ei særleg merksemd i arealplanen.  I løpet av 2014  og 2015 vil ein gjennomføre ein landskapsanalyse nokre sentrale plassar i kommunen. Dette arbeidet vil danne grunnlag for vidare innspel til arealplanen.

16.2.4  Miljø- og kulturavdelinga vil nytte eksisterande ressursar og arbeide innan eigne økonomiske rammer, samt søkje om prosjektmidlar til dette formålet.

16.2.5  Immaterielle kulturminne som t.d. språk, skikkar, soger, handverksteknikkar,  tradisjonelle arbeidsmåtar og liknande skal inngå i innsamling av kunnskap frå kommunen si side. Dette bør vere viktig arbeid i åra framover. Ein god del minne kan gjerast tilgjengelege ved  intervju, filmopptak eller nedskrivne opplysningar frå lokale tradisjonsberarar. Dette bør gjerast ålment tilgjengeleg.  Mykje tradisjon er allereie  samla i ulike publikasjonar. Kommunen vil samle dette og legge ut ei offentleg referanseliste. Den immaterielle kulturarven er det som kjenneteiknar Giske kommune som samfunn – det gjev opphav og stadbunden identitet. Ein bør gå metodisk til verks for å få samla mest mogleg kunnskap om moderne tid.

16.2.6  Kommunal bruk av vegnamn og stadnamn er eit døme på bruk og bevaring av immateriell kulturarv. Det skal i regelen brukast nedervde, lokale namn på ein veg. Dersom dette er uråd, skal det lagast nye namn etter lokal namneskikk. Dette blir oftast gjort ved å bruke gamle bruksnamn på vegnamna.

16.2.7  Det finst bedrifter og personar i kommunen som utfører tradisjonelt handverk. I tillegg er Godøy Kystmuseum opptatt av handlingsboren formidling.  Ein bør dokumentere handlingsboren kunnskap. Enkelte fiskarar opprettheld kunnskap om fiske/fangst som om få år kan verte gløymd. Denne kunnskapen bør ein take vare på så langt som råd, m.a. ved å dokumentere og formidle denne tradisjonen til nye generasjonar. Dette blir gjort allereie i dag ved formidling frå musea. Men dette arbeidet bør styrkast i kommande år. Ein bør legge til rette for ulike måtar å halde i hevd denne kunnskapen på. Eit døme på korleis dette kan gjerast, er å styrke eksisterande møteplassar, der ein har eit aktivt miljø som nyttar tradisjonane på ein praktisk måte. Her kan kommunen hjelpe til med utvikling av tiltak, samarbeid og ev. økonomiske tilskott.

16.2.8  Det er også svært viktige å få til eit samarbeid med skulane. Her kan ein til dømes tilby klasser/enkelte elevar tilrettelagde oppgåver innan kulturminneskjøtsel. Skulane kan få ”adoptere” sitt eige kulturminne som dei skal ta hand om. Og ein bør elles utforme eit hefte som fortel litt om korleis staden har utvikla seg i periodar av historia. Internett er også ein god informasjonskanal.

16.2.9  Kommunen vil jobbe vidare med å skilte og legge til rette for ferdsel til utvalde kulturminne. Ein vil også forsøke å få til samhandling mellom friluftstilbod og merking av kulturminne nært knytte til friluftsområde.

16.2.10  Ein vil legge vekt på å samle mest mogleg informasjon om kulturminna i kommunen på éin stad og legge denne informasjonen ut på Internett. Poenget er at folk lettare kan finne fram opplysningar om kvart kulturminne i kommunen. I tillegg vil ein gjere det enklare for folk å finne fram til andre nettstader som har informasjon om kulturminna i kommunen.

16.2.11  Ein ønskjer å føre vidare arbeidet med rådet for museum og kulturminne. Rådet gjev verdifull støtte i arbeidet attende til kommunen.

16.2.12  Forslag til vernetiltak, omsynssoner/vernesoner og skjøtselsplan for kulturminne. I løpet av rulleringsperioden skal ein gå gjennom samtlege kulturminne, og vurdere desse etter kva for kulturminne kommunen ønskjer å framheve eller ikkje. Ein vel her ut dei mest sentrale kulturminna i kommunen, og foreslår skjøtselstiltak for desse. Samstundes skal ein foreta ei verdivurdering av SEFRAK-bygg. Denne verdivurderinga kan m.a. ende opp i å fremme forslag til omsynssone/vernesone for dei mest viktige områda/ bygga. Arbeidet bør difor verte forankra politisk i kommuneplanen, arealplanen og økonomiplanen i løpet av 2014-15.

16.2.13  Yte tilskott til Alnes fyr og Solbakken skule i tråd med etablert praksis.

16.2.14  Årleg fordeling av kulturmidlar til museums- og kulturminnearbeid.

16.2.15  Vidareføre samarbeidet med Stiftinga Sunnmøre Museum om stilling som avdelingsleiar ved Godøy kystmuseum. I tillegg vil vi halde fram med å yte kommunalt tilskott til omvisarar (ungdommar) i sommarsesongen.

16.2.16  Gjennomføre landskapsanalyse på nokre utvalde stader i kommunen, ref. mottatte statstilskott til dette arbeidet.

 

Print