SEFRAK

SEFRAK

Print

Vigra SEFRAK_2013.jpgGodya SEFRAK_2013.jpgGiske-SEFRAK_2013.jpgValderya SEFRAK_2013.jpg

SEFRAK betyr: SEkretariatet For Registrering Av faste Kulturminne. Dette er eit landsdekkjande register over eldre bygningar og andre kulturminne i Noreg. Registeret blei bygd opp i tida mellom 1975 og 1995. Alle bygningar før 1900 er i registeret, med eit unntak i Finmark der bygga er frå før 1945. Desse vart registrert over heile landet. No har ein starta med ei ny kontrollregistrering m.a. i Giske kommune.

I kommunen er det registrert 668 hus i SEFRAK registeret frå før. Dette er hus som er eldre enn frå før 1900. Husa vart første gongen registrert på 1980-tallet i kommunen, og er no hamna i eit nasjonalt dataregister. Hensikta er at ein ønskjer å take vare på og dokumentere eldre bygningar. Målet for Riksantikvaren er at det helst skal vere mindre ein 1% tap av SEFRAK bygg i denne perioden. I 2013 gjekk Riksantikvaren ut til enkelte kommuner for å sjå korleis det står til med desse husa i dag.  Kva har hendt med dei på rundt 30 år?  Arbeidet med registrering av bygg skal vere ferdig i løpet av 2015. Ein vil kome attende med nye opplysningar om arbeidet på slutten av 2015.


AdmirorGallery 4.5.0, author/s Vasiljevski & Kekeljevic.
Print