Maritime minne

Maritime minne

Print

Hegrekoloni-på-Storholmen-1998-LB.jpgStorholmen-1998-LB.jpg

Giske kommune er som svært mange vestlandskommuner prega av kystlanskapet. Havet har i stor grad prega korleis samfunnet og menneskje har kunna utvikle seg i kommunen over lang tid. Ein vil her legge vekt på det som handlar om kystkulturen. Kystkulturen finn ein langs heile kysten av Noreg. Området frå Oslo til Finnmark heng meir saman en kva folk trur. Dette handlar mellom anna om handelsvegar, fiske, transportvegar og folkevandring. Historia syner at folk har vandra frå innlandet i sør og aust til kystområda, og frå kystområda til andre land. Ein tenkjer automatisk på utvandringa til Amerika, men folkevandring i Noreg har vore vel så stor i sjølve Noreg, og gått føre seg heile tida. Dette vert tydeleg for dei som driv med slektsgransking. Denne vandringa har påvirka kulturen i stor grad, og gjeve folk impulsar frå fjerne og nære område.

I lang tid har båten stått sentralt i kyststrøk, og prega utveklinga. Dette varte heilt fram til at bilen tok over som viktigaste transportkjelde. Dette skulle vise seg å endre biletet av bustadsutviklinga - ofte totalt. Då tenkjer ein seg tida etter 1960-talet. Sentrale stader langs kysten vart ofte ikkje så sentrale lenger. Nye hovudvegar blei bygd på område som tidlegare ikkje var mykje utbygd eller sentrale. Dette har førte til mange endringar ein i dag tek som sjølvsagde. 1960-talet var på mange måter starten på ei utvekling av landet som pregar oss i dag, og slutten på den tida ein kallar for "moderne tid / industriperioden".

Dette tyder at dersom ein skal forstå omgrepet "kystbonde" må ein sjå det heile i perspektiv frå båten og kystleia.

 


AdmirorGallery 4.5.0, author/s Vasiljevski & Kekeljevic.
Print