Spesielle hus/bygningar

Spesielle hus bygningar

Print

Fellesfjøset-1998-LB.jpgSchmitts hus Synnes HAH ID 3645.jpgMolnesstuga-1998-LB.jpg

Her er tre ulike eksempel på hus og bygg i kommunen som ein meiner er spesielle.  "Fellesfjøset" på Blindheim, Vigra. Det er 3 stk. Schmidt-hus - 2 på Godøya og 1 på Blindheim. Ellingstova på Molnes, Vigra er verna og representerer ein type standardhus frå tideleg 1800-tall i kommunen. Ein reknar også med nokre eldre skulebygg som framleis står inntakt og er i bruk.

Tilsaman er lista på spesielle hus og bygg på 8 bygningar i denne kategorien. Det er både folk frå øyane og fagfolk som har peika ut bygga. Husa ein her tenkjer på er:

  1. Schmitts hus 3 stk.
  2. Valderøy skule frå 1909
  3. Giske skule frå 1904
  4. Ellingstova
  5. Solbakken skule, Vigra
  6. Roald skule, Vigra

I tillegg ønskjer Fylkeskommunen at ein får med nokre fleire bygg som til dømes fellesfjøset på Vigra. Desse ligg ikkje inne i temaplanen i dag. Dette er ikkje noko stort tal i seg sjølv. Talet vil truleg endre seg noko etter kvart som ein blir enda meir medveten på kva ein har av signalbygg i kommunen. Solbakken skule er presentert under Museum og samlingar så den blir ikkje omtala her. Felles for desse bygga untatt Molnesstova, er at dei ikkje er verna på noko vis. Skjebnen til bygga ligg stort sett i hendene på eigar, og ein kan ikkje rekne med at alle bygga vil bli ståande slik dei gjer i dag for framtida. Likevel representerer desse bygga noko spesielt både som type bygg, og med soga som ligg bak. Ein trenger tid til å tenkje gjennom og take stilling til korleis desse bygga skal takast vare på for ettertida. Ein start er å gjer folk mersem på kva bygga representerer for staden.

 

 

 


AdmirorGallery 4.5.0, author/s Vasiljevski & Kekeljevic.
Print