Historiske plassar

Historiske plassar

Print

Med historiske plassar meinar ein stader som  ikkje er freda/ verna, men som er av historisk verdi for folk i kommunen. Ofte er desse plassane bundne til soger og faktiske hendingar som bitt folk saman når dei minnast. I planen ligg desse under hovudpunkt 9. Desse stadene er:

9.0.1   Hustruhamna, Valderøya (privat område)
9.0.2   Saltebu, Ytterland, Valderøya
9.0.3   Løketunet og Valderhaugstranda med tollnaustet (privat eige)
9.0.4   Makkevika, Giske (utleige av fisketørkeplass frå gamalt av)  
9.0.5   Fyrlykta på Valderøya
9.0.6   Ankerfeste Valderøya
9.0.7   Tollvøren på Valderøya m. naust
9.0.8   Seglmerke på Synnes
9.0.9   Øygardshamna på Giske
9.0.10 Jens Åleine
9.0.11 Kløvnesteinane
9.0.12 Klippfiskplattane på Nordstranda

Som ein kan sjå av denne oversikta så finn ein igjen nokre av desse staden under andre hovudpunkt i planen. Dei kan naturleg høyre til for eksempel under maritime minne, soger og forteljingar, eller andre hovudpunkt. Dei kulturminna ein viser til her, høyrer til ei gruppe av lokale minne som har stor lokal tilknyting. Kvar ny generasjon finn sine eigne plassar. Det kan vere stader der noko spesielt har hendt. Men det er berre nokre få slike plassar som vert ståande igjen og hugsa av fleire generasjonar. Dette er oftast stader som minner oss om augneblinkar og hendingar som er tidlause. Til dømes kan den tragiske soga om "Jens" fortsette å leve vidare i folks minne, og minne nye generasjoner om dei som i alt for ung alder, gjekk bort i ei ulykke i kommunen. Kløvnesteinane står att som eit minnesmerke på ei istid som gjorde det urå å bu i området. Dei viser naturkreftene. Sterke krefter og kjensler. Dette er truleg ei viktig årsak til at nokre stader blir stående att og hugsa. Slike plassar er det viktig å fortelje om.

Print