Kyrkjer

Kyrkjer

Print

Giske-kyrkje-1998-LB.jpgSndagsskulehus-Roald-98-LB.jpg

Giske kyrkje er kommunens mest kjende kyrkje. Den er bygd i marmor siste halvdel av 1100-talet. Nokre hevdar at det var Aagmund Torbergson som skulle ha fått kyrkja bygd i år 1070. Kyrkja vitner om ei storheitstid på Giske, ein eigedom som omfatta eit areal tilsvarande store deler av dagens Sunnmøre. Giske var på den tida eit utøvande maktsentrum langs store delar av nordvegen (kyst-Noreg).

Giske kommune har 3 kyrkjer og 1 kombinert bedehus og kapell. 2 av desse er freda bygg - Giske og Vigra kyrkje. 

I tillegg er det bygd eit søndagsskulehus som ser ut som ei kyrkje på Roald. Denne står på same tomta som det har stått fleire gamle kyrkjebygg opp gjennom tida. På folkemunne vert det også hevda at det har stått eit vikinghov der søndagsskulehuset står i dag. Til og med før jernalder var området brukt som gravhaug. Ein har i dag ein av nordens største fellesgraver frå gamal tid. Kyrkjbygga vart bygd på toppen av denne haugen. Den siste blei for lita etter kvart som folketalet auka på 1800-tallet. Kyrkja på Roald blei til slutt riven i mai 1896, etter at ei ny stor kyrkje blei vigsla av biskop Hvoslef i januar 1894. Denne kyrkja blei bygd meir mot midten av Vigra slik at alle på øya skulle ha omlag lik avstand til kyrkja. Det er knytt ein rekkje forteljingar og sagn til området på Roald.

Ein kan lese meir kyrkjehistorie og sjå alle kyrkjene i kommunen ved å følgje følgjande linkar. Her finn ein også opningstidar m.m.:

Giske Kyrkjelege Fellesråd eller Kirkesøk- Kirkebyggdatabasen


AdmirorGallery 4.5.0, author/s Vasiljevski & Kekeljevic.
Print