Makkevika/Kvalneset, Giske

Makkevika Kvalneset, Giske

Print

Verna landskapomrde- Makkevika Giske.jpgStaurneset - Giske utmarka. Kart fr 1971. Viser teigdelinga._.jpgGiske Gnr 129  utmark. kart fr 1869.jpg

Makkevika/Kvalneset ligg vest på øya Giske. Området er spesielt freda i høve til hekkande og trekkande fuglearter. Her finst eit stort tal arter med trekkfugl vår og haust. Rundt 220 arter er til no blitt registrert i kommunen. Også nokre skjeldne artar kjem innom. Når ein ønskjer å ta med dette området er det først og fremst teigdelinga på Giske som ein vil ha fokus på. Før teigdelinga kom i stand, høyrde utmarka til alle bruka i  matrikkelgarden. Jorda kunne vere eigd av kongen eller kyrkja, her eigaren av Giskegodset. I praksis var det bøndene som dreiv utmarka. Utmarka blei delt mellom gardsbruka kvart år av ei oppnemnd gruppe bønder frå kva øy. Etter dei første utskiftingane vart fast teigdeling innført. Hensikta var heile tida at dei som eigde eller leigde jord skulle ha likt med god og dårleg jord. Det gjaldt også område til anna bruk, som tørkeplassar for fisk og torv til brensel m.a. Heile Giske var før utskiftinga eit stort klyngetun midt på øya. Områda rundt var mykje utmark og blei bruka til beite og forsanking til dyra. Steinrike stader vart nytta til tøreplassar for fisk. Utskiftinga av ladområde førte til at klyngetunet på Giske vart borte. Berre enkelte hus står att. Dei andre bruka flytta husa sine til der jorda deira var. Grensene mellom bruka blei retta opp og jordstykka blei meir rektangulære. Dette ser ein tydeleg når ein smaliknar gamle og nye kart.

Utmarka blei ofte ikkje med i utskiftingane, fordi dei mest var beite, og ein ikkje såg verdien av å dele opp beiteområda på kvart bruk. Område med torv til brensel og tørkeplassar for fisk, var viktige for folk heilt opp til 1950-talet. Det var også vaneleg enkelte plassar å leige ut deler av fisketørkeplassane til folk utanfor kommunen. Dette gav ei viktig ekstrainntekt til dei som budde på øyane. I tillegg var det også heilt vanleg å leige ut husrom og plass ombord på fiskebåtane som mannskap. Ein betalte då ein del av dei pengane ein tente på fiskja til hus- og båteigar, resten fekk ein behalde sjølv. Dette førte til at folk på øyane klarte seg betre i dårlege tider enn andre lengre inne i landet. Ein må i hovudsak tilbake i tida rundt 17-1800-tallet. Verksemda blei heilt borte på 1950-talet - oppstart av ei ny tid då mykje skulle bli heilt nytt og betre i Noreg, og gamle arbeidsmetoder og handtverk blei lagt ned.


AdmirorGallery 4.5.0, author/s Vasiljevski & Kekeljevic.
Print