Gange-Rolv

Print
 
 

GANGE-ROLV, VIKINGEN FRÅ GISKE KOMMUNE

Gange-Rolv, vikinghøvdingen frå Giske kommune | Fotograf: Frode Elias Synnes
 
Gange-Rolv, vikinghøvdingen frå Giske kommune
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Gange-Rolv statua i Ålesund bypark.              
Foto: Frode Elias Synnes

 

Publisert av FRODE SYNNES 21.02.2013

Gange-Rolv (ca 860 - 932) er sonen av Ragnvald Mørejarl som var samtidig med Harald Hårfagre. Etter å ha vore i viking i Austerveg, gjorde Gange-Rolv og mennene hans strandhogg i Vika (Oslo). Her herja dei så valdsamt at Harald Hårfagre lyste Gange-Rolv som fredlaus, og han måtte røme frå landet. Via Island og Færøyane hamna han i Frankrike, der han i 911 lova den franske kongen Karl den einfaldige, truskap og lydnad. Som takk fekk Gange-Rolv grevetittel og lensherredømme over Normandie. Franskmennene kallar han Rollo. Seinare vart etterkomarane etter Gange-Rolv dei første kongane av England.

Det er i år 1100 år sidan Normandie vart etablert. Jubileet er og har vore markert tungt i Frankrike. Ålesund og Giske kommunar har gjennom eit samarbeid lagt opp til felles markering i 2013.

Ved 1000-års jubileet for etablering av Normandie, fekk Ålesund kommune ei statue av Gange-Rolv i gåve frå byen Rouen. Denne statua som er ein kopi av ei statue som står i parken ved Jeannne d'Arc-katedralen i Rouen. Ein anna kopi står i Fargo, i Nord-Dakota, USA. Det vart gitt av franskætta til norskætta i Amerika i 1912.

Eit gamalt segn fortel at Rollo, då han møtte kong Karl i St. Claire ved elva Epte for å inngå denne avtalen, ikkje ville bøye seg og kysse kongen sin fot slik etiketten kravde. Ein av vikingane hans fekk dette oppdraget i staden, men også han likte dårlig å knele. Han tok difor tak i kongen sin fot og løfta den så høgt at kongen ramla.

Denne forteljinga om Gange-Rolv er ganske typisk for dei historiene som ettertida fortalde om han. Rundt ei kjerne av sanning - her møtet i St. Claire - vert dei mest utrulege historiene spunne om vikinghøvdingen som vart det engelske kongehuset sin stamfar.

På Roald på Vigra fins det ein levande tradisjon med segner om Gange-Rolv. Desse vart samla i eit lite hefte utgitt av Vigra sogelag i samband med Kulturminnedagen 11. september 2011. Det blir etablert ein park rundt bautaen som ungdomslaget "Mjølner" reiste i 1911 til minne om Gange-Rolv.

Der herskar for så vidt debatt rundt om Rollo var dansk eller norsk. Medan m.a. danske og tyske forskarar hevdar han er dansk, er det ei sterk oppfatning mellom engelske, franske og norske historikarar at han var norsk. Rolv er m.a. nemnt i Islendingabok frå første halvdel av 1100-tallet, Latin Historia Norvegiae frå slutten av 1100-talet, og den seinare Landnåmabok som reknar opp busetjarane på Island frå slutten av 800-tallet av, samt i fleire norske kongesagaer.

Diverse linkar:


Filer
 
Print