Jens Åleine

Print

”Jens åleine”

Jens-Åleine--Foto--Odd-Egil-Valderøy.jpg

- eit minne om ei tragisk drukningsulukke.

GPS-posisjon: N 62° 01.360’   Ø 006° 05.990’

Søndag 22. mai 1927, drog tre kameratar ut med ein færing for å sigle. Dei tre skulekameratane var 14 og 15 år gamle. For ein av gutane skulle dette bli han siste reis. Færingen kolvsigla utom valderøyfjellet og Jens Nordstrand drukna berre 15 år gamal. Ei tragisk hending som har gitt namnet til den velkjende steinen ved turstigen rundt øya, ”Jens Åleine”

Av: Odd Egil Valderhaug

Dei tre kompisane hadde rigga ein hardangerfæring med fulle segl. Dei skulle ha seg ein segltur rundt øya. Med i båten var Jens Nordstrand 15 år, Bernt Uggedal 15 år og Lars Skjong 14 år. Då klokka var om lag sju på søndagskvelden, passerte dei Hustruhamna med god vind i segla. Men ved Skarholmen vart vinden for sterk og færingen kollsigla. Dei tre gutane klamra seg fast i båtkvelven. Jens som var ein dyktig symjar, valde å symje mot land for å skaffe hjelp. Men han hadde truleg undervurdert både den sterke straumen og avstanden til land. Berre 50 meter frå svaberget fekk Jens krampe og måtte gi tapt for havet. Han drukna, medan dei to kompisane hjelpelaust måtte sjå det heile frå den kollsigla færingen, utan å kunne gjere noko. Ulukka vart til sist oppfatta frå land og dei to andre gutane vart berga. Sjølv om dei var sterkt nedkjølte klarte bergingsmannskapet å berge livet til begge to. Spesielt var det kritisk for ein av gutane, som var svært dårleg då han vart berga ut av den kalde sjøen. Men Jens var det ingen som såg. Han var slukt av havet.

Stein frå toppen

Samstundes med denne tragisk ulukka leika nokre gutar seg oppe på Valderøyfjellet. Mellom gutane var Severin Sæther frå Gjerdegarden. Han var onkel til Kåre Sæther og flytta til Langevågen då han vart vaksen. Gutane dreiv å rulla på ein kjempestein for å få han utfor stupet, og det klarte dei til slutt. Steinen hamna nede på vegen, som den gongen var einaste veg en rundt øya. Det som vi i dag kallar for turveg. Nokre vaksne karar måtte til for å velte steinen ut av vegbana og ned i grøfta. I og med at dette skjedde nokolunde samstundes, vart det bestemt at dette skulle bli ein minnestein over Jens, som hadde drukna like nedanfor der steinen låg. Steinen skulle står der som eit minne om ulukka og for at Jens ikkje skulle ligge der aleine.

Dei fann Jens

Den tragiske ulukka skaka opp folket på Valderøya og alle som hadde ein båt var med i sokninga etter Jens. Mange gjekk også langs fjøra for å sjå om han var skylt i land.

Alt tilgjengeleg materiell vart nytta til å sokne med, også snurrevadtrål. Men på staden der kollsiglinga skjedde var det sterk straum og mange frykta av guten kunne vere ført utover på djupt hav. Etter to dagar var han framleis ikkje funnen.

Far til Jens, Hans Nordstrand var på fiske i Nordnorge då ulukka skjedde, og han sende melding heim att om at det ikkje skulle stå på pengar i arbeidet med å finne sonen. Alt skulle prøvast, var beskjeden frå Hans Nordstrand. I slike situasjonar tar ein i bruk alt og alle metodar som ein trur kan vere til nytte i leitearbeidet. Frå gamalt av var det kjent at ein hane kunne markere omkomne folk i havet. Som ein siste utveg vart det lånt ein hane i Kristengarden og ein drog ut med ein færing og plasserte hanen i framskuten. Det var rodd på kyss og tvert i fleire timar utan at noko skjedde. Men plutseleg skjedde det som alle hadde håpa på, men som dei fleste inst inne ikkje hadde trudd, hanen gol. Hadde hanen markert for eit funn? Dykkar Fylling frå Ålesund vart henta til øya og han gjekk ned der hanen hadde markert. Han fann Jens liggande under ein knaus, berre om lag 50 meter frå land.

Gravferda

Jens Nordstrand vart gravlagt frå heimen til familien på Øvstevegen. Store deler av lokalbefolkninga var møtt fram for å følgje15-åringen til grava. Pastor With og lærar Gidske held taler i gravferda. Skulekameratar og ungdomar han vart konfirmert saman med danna ein krins rundt båra, og det var også skulekameratane som bar kista. Frå skulekameratane vart det også gitt ein sølvkrans som eit siste minne. Sølvkransen er i dag montert på gravsteinen til Jens Nordstrand. Etter gravferda sette foreldra Jenny og Hans Nordstrand inne i annonse i Sunnmørsposten der dei takka for hjelp og medkjensle i samband med sonen sin tragiske død. Dei takka spesielt alle dei som hadde vore med å leita etter Jens i havet.

 

Jens-Nordstrand--Foto--privat-eige-.jpg

Jens Nordstrand fotografert om lag 5 åring. Han vart berre 15 år gamal. Bilde privat

Gravferd--Eit-siste-farvell-til-Jens-Nordstrand--Å-ha-kista-stående-på-garden-var-tradisjon--Her-samla-slekt-og-vener-seg--Foto-privat-eige-.jpg

Bilde av eit gravfylgje tatt utafor huset til Jenny og Hans Nordstrand Øvstevegen. Familien meiner dette er bilde frå Jens si gravferd i 1927. Bilde privat

Gravstein--Foto--Odd-Egil-Valderøy.jpg

Gravsteinen til Jens Nordstrand på Valderøy Kyrkjegard. Då Jens vartgravlagt gav klassekamartane han ein sølvkrans som eit siste minne. Det er denne sølvkransen som er montert på gravsteinen.


AdmirorGallery 4.5.0, author/s Vasiljevski & Kekeljevic.
Print