Klippfisktørking på Sunnmøre

Print

Klippfisktørking

Utstyr-til-å-hantere-klippfisk--Foto-Odd-Erik-Valderøy-.jpgIllustrasjon-frå-gamal-tid--Bilete-visar-Klippfisk-produksjon-på-Sunnmøre-.jpg

Ålesund var berre ein av mange små tørkeplassar for tørrfisk i si tid. Etter kvart vaks byen opp omkring fiskeversemda. Utstyr som vart brukt til klippfiskproduksjon: Skurekost, vaskebrett, karre, klippfiskbåre, saltekar, klippfiskhatt og presenning. Foto Odd Egil Valderøy.

Den gongen det var straffbart å produsere klippfisk.

Klippfisk er eit relativt nytt produkt her i landet, i alle fall dersom vi samanliknar med tørrfisk som har vore produsert heilt tilbake til vikingtida, og truleg enda lenger. Det var ein Nederlendar som først starta produksjon av klippfisk i Noreg for vel 300 år sidan. I snart 200 år hadde utlendingar full kontroll over norsk klippfiskproduksjon, og det var straff for nordmenn å tileigne seg denne kunnskapen.

 Av: Odd Egil Valderhaug

Det var i Baskarland at klippfisken vart utvikla for meir enn 1000 år sidan. Som oss nordmenn var baskarane ei sjøfarande folk og sende skip ut Biskaiabukta til fjerntliggande hav og land. Men medan norske vikingar og sjøfolk hadde med tørrfisk som niste, så provianterte Baskarane med klippfisk. For i motsetning til oss her oppe i det kalde nord, så hadde Baskarane svært god tilgang på salt. Og salt må ein ha for å lage klippfisk, mykje salt.

Frå lenge før vikingtida har vi produsert tørrfisk her i landet, for tørrfisk kan ein produsere utan salt, ein treng berre vind og eit stabilt kaldt klima. Medan klippfisken er godt salta og tørka på svaberg og klipper. Av dette kjem truleg namnet klippfisk.

Klippfisken kom til Noreg med ein Nederlendar

Det var ikkje ein Baskar, men derimot ein Nederlendar som først starta klippfiskproduksjon her i landet. I 1691 søkte Jappe Ippes kongen om løyve til å produsere klippfisk etter ein metode som til då var ukjend i Noreg. Jappe Ippes såg eit stort potensiale for å gjere gode forretningar på klippfiskproduksjon langs den vindfulle kysten av Nordmøre. Han kjøpte opp fleire gardar, mellom anna i Tustna og i Kråksundet, der han bygde kai og pakkhus, og han la til rette for å fortøye seglskuter. Han hadde 20 til 30 innkjøparar som kjøpte fisk for han i Nord-Noreg. Jappe Ippes tenkte stort, kanskje for stort. For klippfiskproduksjonen vart ingen økonomisk suksess. Klippfiskproduksjon er svært kapitalkrevjande i og med at fisketilverkaren må betale råstoffet lenge før han får betalt for det ferdige produktet. Jappe Ippes hadde skaffa seg kapital gjennom Nederlandske bankar, men etter nokre år vart kreditten trekt tilbake. Dette kunne nok ha samanheng med at krigen i Nederland tok slutt, og at landet trong kapitalen til å byggje opp att landet. Så etter 10 års drift var Jappe Ippes konkurs. Han døydde nokre år seinare i Trondheim som ein fattig mann. Men sjølv om Ippes mislukkast, så hadde han lansert ein idé og sådd eit lite frø. Men nok ein gong var det utlendingar som tok opp ideen og føret klippfiskproduksjonen vidare. På 1740-talet kom dei to skottane John Ramsay og William Gorden til Kristiansund og sette i gang med klippfiskproduksjon. Dei to dominerte klippfiskproduksjonen i Noreg utover 1700-talet. På 1800-talet var det Flensburgarane frå grenseområda mellom Danmark og Tyskland som hadde full kontroll på all klippfiskproduksjon her i landet.

Straffbart å lære seg å produsere klippfisk

Det er tre viktige faktorar som må til for å produsere klippfisk. Mellom anna vind og kaldt stabilt klima. Og sist men ikkje minst, mykje arbeidskraft i ein kort men hektiske periode. Og alle desse resursane fann utlendingane rikeleg av langs kysten av nordvestlandet. Klippfiskproduksjon er svært arbeidskrevjande. Fisken skal saltast i fleire omgangar før han blir lagt utover berg og fjøre kvar einaste morgon, og samla inn igjen og lagt i la kvar kveld. Til dette trong ein mykje folk over ein periode på to til tre månader. Når vi veit at dei fleste mannfolk hadde sitt virke på havet, så vart dette ein jobb for kvinnfolk og ungar. Ei kjærkoma ekstrainntekt for mange fiskarbønder langs kysten. Og inntektene som kvinnfolka tente på klippfisktørking, kunne dei disponere akkurat som dei sjølv ville. Tørkepengane hadde ikkje mannfolka tilgang til.

Denne arbeidskrafta måtte utlendingane ha kontroll over for å lukkast med å produsere store mengder klippfisk. Men sjølv om arbeidskrafta var avgjerande, så måtte dei samstundes passe på at nordmennene ikkje skaffa seg kunnskap om klippfiskproduksjonen. Det kunne undergrave utlendingane sitt monopol. Dei prøvde å få lova på si side, men lukkast ikkje med det. Klippfiskhistorikar Odd W Williamsen hevdar at den som likevel tileigna seg kunnskap om korleis klippfisken vart laga, kunne få strenge straffer. Men utlendingane klarte ikkje å halde driftige nordmenn unna klippfiskproduksjonen, Det blir sagt at det var handelsmannen og reiaren Hans Holtermann som var den aller første som starta med klippfiskproduksjon på Sunnmøre. Vi veit ikkje når dette skjedde, men vi veit at Holtermann levde frå 1709 til 1781. Hans Holtermann var ein driftig kar og i 1750 kjøpte han garden Giske med påståande kyrkje.  

Hans Holtermann skal visst nok vere den som først tok til med klippfiskproduksjon på Sunnmøre på 1700-talet.

Dette er berre eit lite samandrag. Heile historia kan ein hente frå Odd Egil Valderhaug.


AdmirorGallery 4.5.0, author/s Vasiljevski & Kekeljevic.
Print