M/Kr Lysglimt

Print

 M/Kr Lysglimt

M-Kr-Lysglimt--Foto--Støtteforeinga-for-M-Kr-Lysglimt.jpg

Fartøyet blei bygd i 1946 på Vestnes. Den var opprinneleg 49 fot, seinare forlenga til 57,8 fot. M/Kr Lysglimt hadde lenge Brunvoll- motor av ulik storleik. I dag har båten ein Volvo Penta 300 hk. Fartøyet blei brukt til kystfiske, sildefiske, som trålbåt og til slutt som reketrålar. Støtteforeininga har søkt  Riksantikvaren om å få godkjent M/Kr Lysglimt som verneverdig. Fartøyet var først eigd av Olgar Sæther og Oscar Thu frå Valderøya. I dag er den eigd av Støtteforeininga for M/Kr Lysglimt. Her finn ein mykje meir informasjon om fartøyet. Foreininga har eiga Facebook side.


AdmirorGallery 4.5.0, author/s Vasiljevski & Kekeljevic.
Print