Motorbåten "FRI"

Print

Motorbåten "FRI"

Slik-så-åbten-Fri-ut-under-2--verdenskrig.jpgFRI anno 2014.jpg

Av: Birger Honningsvåg

 

Valderøy Kystlag eig båten i dag. Fri vart overteken av Valderøy Kystlag i 2011 frå Harald Alvik som då hadde hatt båten i 52 år. Harald Alvik bytte motor i Fri to gonger. Ein finn følgjande informasjon om Fri i boka "Fiskebåtar frå Vigra og Giske kommuner 1920 - 1997" av Bjørn Owe Hjelle:    

 

"Fri" vart bygd i Romsdalen (Vestnes) i 1931 for Johan N. Skjong, Valderøy og registrert i 1932 som M-19-G. Fri fekk ei lengde på 28 fot ("stamn til stilk"), og det vart installert ein 18 hk Real- maskin. Installert ny 16 hk Lister Diesel i 1936. Seld i 1957 til Nils Honningsvåg, Valderøya. Seld 1959 til Harald Alvik, Slinningen, Ålesund.

 

Men når det gjeld Fri er det er det særs viktig å få med båten si krigshistorie. I boka Alarm i Ålesund (Englandsfarten I) av Ragnar Ulstein finn ein følgjande: 

 

M/B Fri - M-19-G - drog frå Valderøy 15. oktober 1940 med fire mann ombord. Båtførar var Knut J. Skjong, Valderøy (son til båteigaren Johan N. Skjong). Dei andre var Karsten Devold, Rolf Eriksen og Kaare Grøntvedt, alle frå Ålesund. Fri var 21 fot (feil, skal vere 28) og den minste motorfarkosten som drog frå Mørekysten. Dei gjekk forbi Shetland på nordsida og ut i Atlanterhavet. Vart plukka opp av ein britisk trålar og ført til Torshavn. Dei fire rømlingane var alle i alderen 20 - 22 år. Gutane vart hjelpte i veg frå Ålesund av Torsvik-gruppa.

 

 


AdmirorGallery 4.5.0, author/s Vasiljevski & Kekeljevic.
Print