Åbord

Print

Åburd/åbord- eldre festepunkt for seglfartyg, Valderøya

abord-festepunkt-for-seilskuter-Valderya-SBS-2012.jpg

På Sunnmøre heitte dette ein åburd. Folk på Valderøya har lenge kjent til at det har stått nokre jernpålar langs stranda på austsida. Jernpåla har ein opplødd steinmur kring seg. Dei som visste om stakane, trudde nok at det hadde noko med det maritime å gjere, og at dei kunne vere fortøyningspålar av ein spesiell type. Men ein visste ikkje når desse blei sett opp, eller kva for rolle stakane eigentleg hadde. Difor vart det ikkje noko stor merksemd på stakene før Valderøy Historielag bygde opp att ein av dei fem som sto att. Stakane var prega av tidas tann og muren hadde fleire stader rast saman. Det var bruka betong for å få til eit sterkt og meir varig feste på steinane. Noko tid etter, i 2012, kom to forskarar frå Stiftingen Bergen Sjøfartsmuseum i land på stranda og oppdaga at det var fleire staker der. Dei hadde dykka like ved, då dei fekk sjå desse. Dette hadde dei sett før berre ein stad i Noreg. Oppdaginga skulle vise seg å vere eit av dei mest spesielle funna dei gjorde denne gongen.

Åburd er hittil berre registrert i Giske kommune i Møre og Romsdal, og ein stad til i Noreg. Ein åburd er ei gamal fortøyningsinnretning. Namnet kjem av å bera til (norrønt). Det ein ber er stein, som blir bore til for å støtte sjølve forrøyningspålen. Så fortøyer ein seilskip til pålen akter, medan ein har anker ute. Alderen på åburda kjenner ein ikkje eksakt til, men ein reknar med at desse blei sett opp rundt 1700-tallet sidan ein hadde eit større handels- og tollstad på Valderhaug tilknyta m.a. Løkegarden. Ålesund var på den tida berre eit trangt sund med naknen berg og nokre få naust. Borgund var hovudsentrum, men mykkje av handelsvarer til og frå området gjekk via tollstaden på Valderøya. Eksport av tørrfisk gjekk frå fleire hamneområder i kommunen. Ein må her også ta med at på den tida var Giske kommune delt i to kommuner.


AdmirorGallery 4.5.0, author/s Vasiljevski & Kekeljevic.
Print