Alnes Fyr, Godøya

Print

Alnes fyr 1998.jpg

Alnes Fyr, Godøya

Alnes fyr er frå 1852 og blei freda i 2000.  Årleg kjem rundt 30 000 besøkande til fyrstasjonen, noko som gjer det til eit av dei meist besøkte fyra i området. Kommunen har bruksrett på heile stasjonen, og eig området stasjonen ligg på. Kystverket har ansvar for vedlikehald av sjølve fyrtårnet. Alnes fyr vert utlånt til stiftinga Alnes Fyr, som har jobba med turistverksemd på fyret sida 1993. Fyret inneheld også kafe, eit fyrmuseum og ei biletsamling av Ørnulf Opdahl.   Til heimeside.

Det er under planlegging eit besøkssenter og kulturbygg i tilknyting til Alnes fyr. Det skal avlaste fyrstasjonen noko for alle besøkande kvart år. Fyret og noko av landskapet rundt er freda. Dette gjer det utfordrande å byggje inntil fyret. Difor tenkjer ein å byggje heile besøkssenteret under bakkenivå. Her er to illustrasjonar som viser korleis ein tenkjer seg dette løyst i praksis.

Alnes Fyr nytt beskssenter inne 2014.jpgAlnes Fyr nytt beskssenter 2014.jpg


AdmirorGallery 4.5.0, author/s Vasiljevski & Kekeljevic.
Print