II. Verdenskrig

Print

2. Verdskrigen frå 1939 til 1945

Frå 2. verdskrigen har ein mange spor etter tysk invasjon. Langs heile kyst-noreg blei det med rekordfart oppført ei stor mengde tyske kystfort som skulle halde engelske og russiske styrker borte. Mange av kystforta blei bygd i perioden 1941-45. I Giske kommune finner ein ruinar etter Hærkystbatteri - 578 eller HKB 32/976. Denne tyske kanonstillina omfatta frå Roald til Molnes: 10 brakker, 23 bunkersar, 10 andre bygningar, 2 tunellar, 9 kanonstillingar, 16 skyterstillingar, 4 lyskastarar, 5 minefelt og 11 andre konstruksjonar. Anlegget på Roald låg under hæren, medan anlegget på Molnes truleg først låg under Luftwaffe, men seinare under marinen. Det som serprega anlegget var radarstasjonen (type FuMO-214, og ein "Freya) på Molnes, Vigra. Vi kallar det for radar, men i prinsippet var det radiobølger som blei sendt ut og motteke, på nesten same vis som moderne radaranlegg i dag. På Synes og Kjeholmen var det forlagt vaktstyrker, Giske hadde ein radiopeilestasjon og Godøya hadde observasjonspost og luftvernbatteri. Furkenholmen var ankerplass for tyske patruljebåtar. Giskesundet var minelagt. Meir om dette kan ein finne i boka "Sunnmøre i Festung Norwegen" av Jan Olav Flatmark. Boka er ikkje i sal, men kan lånast på bibliotek. Giske kommune hadde på den måten ein viktig posisjon for å finne ut om engelske styrker skulle invadere Noreg i løpet av krigen. Det var viktig for britane å la tyskerane tru dette, for å binde fast fleire hundre tursen tyske soldatar i Noreg. Denne strategien var ein viktig faktor for at dei allierte vann krigen. 

Vigra Krinkastar blei bygd i 1935 og spela ei spesiell rolle ved utbrotet av 2. verdenskrig. Då Vidkun Quisling erklerte at Noreg skulle vere på parti med Tyskland i 1940, og okupasjonen var eit faktum, heldt Vigra kringkastar fram med å sende melding om at Noreg var blitt okupert og i krig. Dette fortsatte heilt til stasjonen blei bomba av tyske fly nokre dagar etter okupasjonen. Det var med på å nøre oppunder ein allereie stor motstand blandt folk mot okupasjonen av landet. Motstanden mot tyske soladatar var stor i Giske kommune under heile krigen.

Under 2. verdenskrigen blei fleire fartøy brukt til å frakte folk over til England. I dag har ein teke vare på nokre.  Ein fiskebåt som høyrde til Smegarden på Roald Vigra, var M/K Heland. Sunnmøre Museum har fått restaurert og eig båten i dag. Ein kan sjå han på museet. M/K Heland hadde fleire turar med flyktningar frå Sunnmøre til Shetland. Båten blei  bruk av "Shetlandsgjengen" som var norske motstandssoldatar under krigen.

Ein anna båt "Fri" er ein liten motorbåt som blei brukt til flukt frå Giske kommune til Shetland. I dag vert båten teke vare på av Valderøy Kystlag.

Markering av frigjeringsdagen og den nasjonale veterandagen 8. mai.

8.jpg

Krigsminne og minnesmerke i Giske kommune

  1. Det er totalt 5 bautaer og tavler.
  2. Krigsminna ved Roald /Molnes, Vigra (Ruinar etter fort).
  3. Krigsminnesmerke i fjellvegg på Godøya (Gjøymestad under krigen).
  4. Trollkjelen, Skjong ved fotballbane på Valderøya. (Gjøymestad under krigen).

I Giske kommune burd det i dag rundt 29 veteranar (tall pr. nov. 2014) som har vert i teneste frå 1978 og fram til i dag. Ein har ikke noko tal på veteranar frå før denne tida. Arsaka er personvern. Fleire opplysningar om nordmenn i krig kan ein finne hos forsvarets veteransinspektør.

 


AdmirorGallery 4.5.0, author/s Vasiljevski & Kekeljevic.
Print