I. verdenskrig

Print

I. Verdskrigen 28. juli 1914- 11. november 1918

Det er få spor om ingen igjen etter I.verdskrigen i kommunen. Dersom folk sit på opplysningar, foto eller gjenstandar som kan knyttast direkte til desse åra så ber ein om at de tek kontakt.

Første verdskrigen er ein periode som langt på veg er blitt gløymt i Noreg. Noreg var ikkje med i krigen. Ein deltok hovudsakleg som nøytrlitesvakt. 1892 sjøfolk omkom i denne tida som direkte følgje av krigen. Nokre nordmenn kjempa både på tysk, engelsk og tyrkisk side. Nokre få historikarar har skrive om krigsåra og kva dette førte med seg, men interessa er heller lita. Likevel påverka krigen i stor grad både Europa og Noreg.

Andrew Giske og Herman Helgesen -Nytralitetsvakt under 1. vk. Sunnmre museum.jpg

Kjenner ein til om folk i Giske kommune har delteke/vart råka på noko vis?

Ein veit ein del om korleis folk i Giske kommune opplevde krigsåra. Dette kjem noko fram frå ei dagbok som har blitt tatt vare på. Når ein kjem til eit lokalt nivå, som Giske kommune representerer, vil det ta tid å finne fram til om ein kan knyte nokre lenkar. Dette vil ein leggje ut etter kvart. Ein kan finne fleire opplysningar på DigitaltMuseum.no.

Ein veit til dømes at kornprisen gjekk opp frå omlag kr 20 pr. sekk (100 kg), til litt over kr 100 på butikkane i kommunen. Dette førte til at folk åt mindre brød og graut. Kveitemjøl måtte fraktast heilt frå Russland via Finnland eller frå Finnmark. Båtar frå øyane reiste truleg heilt inn i Bottenvika for å kjøpe mjøl, slik ein kan tolke dagboka. Dei kunne også få mjøl frå nord-Noreg. Dette har ein førebels ikkje sikre kjelder for kvar dei kjøpet mjølet i frå. Denne reisa vart i allefall svært kostbar, og var ei av årsakene til den store prisauken. Fisket vart meir viktig ein nokon gong som matauk. Mjølet fekk ikkje lågare pris etter krigen, men heldt seg på same nivået. Kornprisen har i tida etter halde seg nokså stabil. Myndigheitene såg klart dei negative konsekvensane denne prisauken frå 1914 førte med seg. Dette meinte myndigheitene ein ikkje måtte skje igjen. Difor vart det etter krigen tenkt ut eit meir rettferid system som skulle syte for retferdig fordeling i ei krisetid. Svaret på dette var å finne opp rasjoneringskort. Føresetnaden var sjølvsagt at ein hadde noko ein kunne kjøpe på rasjoneringskorta. Nordmenn var flinke både til å eksportere og importere varer, så dette skulle gå bra, var tanken. Nokre år seinare fekk ein merke at dette ikkje var enkelt. Då kom 2. verdskrigen, og Noreg blei trekt med i krigen.

Minnehallen gjev fleire opplysningar om falne sjøfolk både frå I og II verdskrigen. Sjømennenes Minnehall

Følgjande sjømann omkom:

Karl N.S. Godø f.1892 - 1917. Han var skytter på Ålesundbåten Ds Lundheim. 12 andre omkom på båten.

 


AdmirorGallery 4.5.0, author/s Vasiljevski & Kekeljevic.
Print