Skjonghellaren, Valderøya
- Details
- Category: Uncategorised
- Published on Monday, 06 January 2014 12:08
- Written by Giske
- Hits: 3839

Skjonghellaren
Skjonghellaren ligg på Valderøya, og er ei av dei mest kjende holene på Norskekysten. Hola er 70 meter på det breiaste, og går over 140 meter inn i fjellet. Det er rundt 20 meter lausmasse i botten av hola. I dette laget har ein grave fram masse restar av dyrebein som vart datert 30 000 år tilbake i tida. Også menneskespor finnast i hola og er datert tilbake til 600 år e.kr. Fleire spor finn ein rett utanfor på ei rydda slette ved Skjonghellaren. Denne sletta vart rydda og tatt i bruk omrkring 1000 år f.kr. Her kan ein sjå mange steinrøyser etter rydding av jorbruksland samt nokre steingraver.
Det er i dag tilrettelagt gangveg eit stykke opp til hola. Følgjer ein eit spor opp etter stinrøysa kan ein kome heilt inn i hola. Skjonhellaren er godt merka med skilt. Skjonghellaren ligg langs kommunens først kulturveg, som vert mykje nytta kvar dag.
