Alnes, Godøya

Print

Verdifulle kulturlandskap- Alnes Godya.jpg

ALNES

Det er ikkje mykje som er freda på Alnes. Berre litt rundt sjølve fyret og nokre verna kulturminne. Heile området, slik det går fram av kartet, blei registrert som eit spesielt viktig nasjonalt område å ta vare på av Fylkesmannen på slutten av 1990-tallet. Dette var i høve til ei biologisk undersøking i Møre og Romsdal. Alnes blei stempla som nasjonalt viktig, og vart ein av nokre få stader i fylket som fekk denne høge rangeringa. Mange hengde seg opp i at det var nokre svært sjeldne sopptypar som førte til dette. Det var likevel heilskapen og artsmangfaldet som var viktig. 

Ein kan også sjå at Alnes inneheld eit kulturlandskap som tydeleg viser korleis staden har vorte forvalta i lang tid. Frå nyare tid finn ein mellom anna hus frå tideleg 1800-tal og fram til vår tid. Alt dette speglar utviklinga i området på ein heilskapleg og unik måte. Mange av desse bygningane er godt tekne vare på, og dannar eit lokalsamfunn som framleis er levande og utviklar seg vidare. Det er ikkje noko rart at Alnes er eit av dei mest besøkte områda på desse kanter. Alnes fyr vert omtala under Freda industriminne.

 

Eit-av-dei-eldste-husa-på-Alnes-LB-2014.JPGGravhaug-Alnes--LB-2014.jpgEin-del-av-landskapet-på-Alnes-som-er-av-nasjonal-verdi-i-høve-til-naturmangfall--LB-2014.JPGGatebilete fr eldre del av Alnes. 2014.JPG


AdmirorGallery 4.5.0, author/s Vasiljevski & Kekeljevic.
Print