Museum og samlingar

Museum og samlingar

Print

Gody-kystmuseum-1998-LB.jpgsolbakkenvigra.jpg.jpgAlnes fyr 2 1998.jpgVigra kringkastar TM.jpg

MUSEUM MED OFFENTLEG MEDVERKNAD

Museum og samlingar vert delt inn på ulike eigarnivå. Vi kjem til å presentere museum og samlingar med kommunal eller anna offentleg økonomisk medverknad. Ein kjem også til å legge ut lenker til private museum og samlingar i kommunen. Opningtider og aktivitetar må ein finne på heimesida til museet for dei som har dette, eller ta direkte kontakt. 

Godøy Kystmuseum er ei avdeling av Sunnmøre Museum.  Giske kommune nemner ut representant til Stiftinga Sunnmøre Museum. Sunnmøre Museum og Giske kommune deler i dag på utgifter til ei heil stilling som museumsformidlar ved Godøy Kystmuseum.  Meir om Godøy Kystmuseum. 

Solbakken skule er frå 1892. Den var i bruk fram til 1957. Kommunen eig bygget, men har sidan 1990 gjeve bruksretten til Solbakkens venner. I bygget kan ein sjå ei skulesamling som viser korleis det var den gongen skulen var i bruk. Bygget kan leigast til møter og arangement. Meir om Solbakken finn du på heimesida til Kulturnett i Møre og Romsdal. 

Alnes Fyr er frå 1852 og vert utlånt til stiftinga Alnes Fyr. Dei har drive fyret sidan 1993. Fyret inneheld eit fyrmuseum og ei samling av bilete frå Ørnufl Oppdal. Fyret er omtala under Alens fyr.

Vigra Krinkastar blei bygd rundt 1934 og sendingen kom i gong i 1935. Vigra krinkastar blei lagt ned 30. juni 2011. Inntil no inneheld bygge eit krinkastarmuseum som kan besøkast. Det er no teke avgjerd om å rive bygga.

PRIVATE MUSEUM OG SAMLINGAR

Johansbuda inneheld ei stor historisk samling frå Valderøya. Sjå Facebook.  Meir om kulturhuset på Valderøya finn ein på Johansbuda

Synnes private samling: For avtale kontakt: Johan Oddvar Synnes eller Jorunn Synnes , Synesvegen 553, 6040 Vigra.

 


AdmirorGallery 4.5.0, author/s Vasiljevski & Kekeljevic.
Print