Høggstein fyr

Høggstein fyr

Print

Høggstein-fyr--1998.jpg

Høggstein Fyr på Godøya blei bygd i 1857 og ligg midt i seglleia for båtar inn til Ålesund. Høggstein Fyr har ei spennande historie. Det er mogleg å besøke fyret. Fyret ligg nær Godøy Kystmuseum. Lokalhistorikaren Magne Godøy har skrive om Godøya. I to hefte skriv han om livet på Godøya på 1800- og 1900-tallet. Ole Gammelsen Mork var fyrvaktar på fyret i perioden 1855-1887. Han skreiv mange brev der han fortel om livet på Fyret. Desse breva blei teke vare på. Magne Godøy har omsett dei til eit moderne nynorsk i 2002, og gitt dei ut i eit hefte med tittelen "Brev frå Fyret". I heftet "I storm og stille" skriv Magne om sjøsoger frå Godøya og Alnes. Til saman gjev desse skrifta eit godt bilete av dagliglivet på øyane i denne tida. Desse hefta kan ein få kjøpt på Godøy Kystmuseum. Giske Folkebibliotek har også ei samling av lokalproduserte bøker og hefte.


AdmirorGallery 4.5.0, author/s Vasiljevski & Kekeljevic.
Print