Om Planen

Om Planen

Print

 

Rullering av Museums- og kulturminneplan 2014-2017 blei vedteken av Giske kommunestyre den 12. desember 2013 i K-sak 131/13. Planen er grunnlaget for denne nettsida. I  nettversjonen har ein valt å legge inn nye opplysningar  og utfyllande tekst etter som dei er tilgjengelege. Dette gjev eit lite sprik mellom det som blei vedteke i kommunestyret (papirversjonen), og det som står på Internett. Ein har valt å gjere Internettløysinga dynamisk og opa for endringar, slik at temaplanen som ligg i botnen heile tida kan utvikle seg.

 

Giske kommune sin museums- og kulturminneplan er ikkje eit stort dokument. Det er berre på 18 sidar. Det tek heller ikkje all verda med ressursar å lage ein slik temaplan. For å få ei kort og god oversikt over kva som finst av museum og kulturminne i kommunen er eit lite dokumentet godt nok. Arbeidet med nettstaden er meir tidkrevjande. Kommunen er ikkje pålagt å opprette ein nettstad, men internett er ein effektivt måte å nå ut til folk på. Giske kommune har lagt vekt på dette. Til slutt er det likevel i sjølve kommune- og arealplanen ein bør legge tyngda av arbeidet, etter vår erfaring. Det er her kommunen blir forplikta, og område m.m. blir tekne vare på. Det er då det er godt å ha ei enkel oversikt. Det er mange ulike måtar ein kommune kan gå fram på i dette arbeidet. For dei som er interesserte i sjølve prosessen - korleis ein kan lage ein kommunal kulturminneplan, viser ein til denne linken:

 

Korleis lage ein kulturminneplan

Innleiande kommentar:

Komité for miljø og kultur (KMK) har gjennomgått planforslaget i KMK-sak 027/13. Ein har også fått innspel frå kulturavdelinga i fylkeskommunen. Det har kome inn fleire innspel til planen. Desse er lagde inn eller kommenterte.

Kulturkontoret har arbeidd for å bli ferdig med planen innan hausten 2013. Ny registrering av SEFRAK-bygg i kommunen har ikkje gått etter planen, grunna tekniske problem med ei nettløysing. Ein har likevel klart å legge inn nesten halvparten av bygningane i kommunen.

SEFRAK-registreringa er primært ei bestilling frå Riksantikvaren. Som ein konsekvens av forseinkinga, har ein ikkje fått lagt fram forslag til vernetiltak/spesialsoner for eldre bygg/område.

Ein har så vidt starta med å utarbeide ein skjøtselsplan for eldre kulturminne. Her er ein avhengig av samarbeid med fylkeskommunen. Dette arbeidet vert ferdig i løpet av 2014.

Riksantikvaren har også gjeve midlar til ein landskapsanalyse på nokre stader i kommunen. SEFRAK og landskapsanalysen vil gje viktige innspel til kommune- og arealplanen, og må førast vidare i 2014 - 2015.

Museums- og kulturminneplanen slik han no ligg føre, gir likevel eit god bilete av kva for ressursar av kulturminne som finsst i kommunen. Innhaldet i planen fungerer som ein temaplan, og gjev ei god oversikt over mangfaldet innan dette feltet. Planen vil bli allment publisert og lagd ut på Internett.  Dei viktige politiske vedtaka vil til slutt synast i kommuneplanen og i den kommunale arealplanen. Temaplanen skal godkjennast i kommunestyret.

1 Mandat, målsetjing og rollefordeling

1.0.1     Komité for miljø og kultur vedtok i KMK–sak 010/12 å rullere museums- og kulturminneplanen frå 2008-2012.  Rulleringa vert gjennomført i samsvar med reglar for ein temaplan. Kommunestyret har difor vedteke at museums- og kulturminneplanen vert teken med i planprogrammet for kommunen, og at innhaldet i temaplanen vert teke opp til politisk drøfting i kommuneplanen. Eldre faste kulturminne, verna bygg og område, samt SEFRAK-registrerte bygg, er registrerte i  det elektroniske kommunale kartsystemet Gisline. Nøyaktig plassering av eldre faste kulturminne vil bli justert i kartverket i løpet av 2013-14. Museums - og kulturminnerådet har også arbeidd med planen og kome med innspel i løpet av 2012 og 2013. Det er også innhenta kommentarar og innspel frå komité for miljø og kultur i sak: 027/13 og frå kulturminneavdelinga i Møre og Romsdal fylke.

1.0.2        Kommunen er pålagd etter lov om kulturminne  §3 og 6, å ta særskildt omsyn til kulturminne som fell innanfor lovverket. Riksantikvaren ber kommunen sjølv ta høgde for andre og nyare objekt på alle nivå (lokalt, regionalt og nasjonalt) som kan bli framtidige kulturminne. Kommunen, i samarbeid med fylkeskonservatoren og riksantikvaren, skal kome fram til ei verdivurdering  av kva for kulturminne kommunen bør ta omsyn til, og korleis dette best kan gjennomførast. Kulturminna vil også bli rangerte ut frå kva som er viktig og mindre viktig å eksponere, t.d. i høve til framvising. Dette vil ein kunne sjå igjen i at enkelte kulturminne vert eksponerte med skilting, tilrettelagde med parkering m.m. Andre kulturminne vert liggjande urørte utan eksponering. I denne vurderinga byggjer ein på korleis ein best kan take vare på kulturminna for framtida. Dette kan mellom anna gjerast med å opprette omsynssoner/vernesoner, regulere område til friluftsformål og liknande. Kommunen blir også oppfordra til å arbeide ut nokre få tema som kan fortelje kvifor kommunen har blitt slik ho er i dag. Sjølve kulturminneplanen skal spegle ei mest mogleg total oversikt over kva ein har av kulturminne i kommunen. Ein vil lage ei dynamisk løysing på Internett som heile tida kan haldast oppdatert med nye oppdagingar og tiltak som vert gjorde. Her vil ein også presentere dei ulike tema ein kjem fram til.

1.0.3 Målsetjing

Målet med temaplanen er å få ei god oversikt over museum og kulturminne i kommunen. Oversikta skal igjen brukast til å få til gode sikrings-, skjøtsel- og gjennomføringstiltak samt god bruk av museum og kulturminne i kommunen.

1.0.4 Delmål

Temaplanen skal gjere det enklare å prioritere bruk av ressursar til slike tiltak.

Temaplanen skal syte for å samle opplysningar og fakta om museum og  kulturminne i kommunen. Dette skal igjen brukast til å fremje innspel til kommuneplanen, arealplanen og økonomiplanen for Giske kommune. Formålet er å gi eksisterande  og nyare kulturminne ei sikker framtid.

Temaplanen vil innehalde ei verdivurdering og forslag til skjøtsel av dei  ulike kulturminna.

Temaplanen kan brukast som eit oppslagverk for skule, lag og organisasjonar og enkelpersonar som er spesielt interesserte i kulturarven i kommunen.

1.1 Rollefordeling

Det er viktig at ein kan sjå på kulturminne som ein verdi og ressurs for lokalmiljøet. Noko som fortel om fortida, og som er viktig å take vare på for oss og for kommande generasjonar. I prinsippet er det kvar enkelt sitt ansvar å take godt vare på kulturminne.  Eigaren  er den som sit med det viktigaste ansvaret. Utan eigars medverknad har det enkelte kulturminne mindre sjanse for å overleve over tid. Dette kan ein fleire stader sjå eksempl på ved til dømes ombygging, bygging av nye bustader, bustadfelt, industriområde og anna infrastruktur som kjem i kontakt  eller direkte konflikt med kulturminne. Då er det kommunen som først og fremst skal syte for gode løysingar. Fylkeskommunen og Riksantikvaren kjem inn med råd og rettleiing, og skal som myndigheit sjå til at kulturminnelova vert fylgt.  Kulturminne er synlege spor på  den utviklinga som ein har hatt i Noreg. Dette er handfaste bevis som har stor verdi for mellom anna formidling til nye generasjonar. Utan desse vert det vanskeleg å formidle historia på ein truverdig måte.

I Kulturminneplanene er rekkefølgja først og fremst i forhold til eit økonomiske annsvarforhold. Kven skal i prinsippet ta rekninga/arbeidsansvaret når noko skal gjerast. Desse er:

1.2.1    Riksantikvaren har ansvar for nasjonale viktige kulturminne. Eksempel på dette er Giske kyrkje.

1.3.1    Fylkeskommunen har ansvar for regionale viktige kulturminne. Døme på dette er Skjonghellaren og Blimshaugen.

1.4.1    Giske kommune har ansvar for at kulturminne i kommunen ikkje vert øydelagde.

1.4.2    Kommunen har ansvar for nye objekt som i framtida kan bli eit viktig kulturminne, og eigne kulturminne som kommunen ønskjer å ta hand om, men som   ikkje har regional verdi.

1.4.3    Kommunalt arkiv og biblioteket har også ei viktig rolle med omsyn til å take vare på og formidle lokal historie. Kommunen vil difor legge vekt på at lag, organisasjonar og enkeltpersonar vert tekne med som viktige samarbeidspartar i dette arbeidet. Her kjem museums- og kulturminnerådet inn som eit eksempel. I Giske kommune står ”fiskarbondekulturen” sentralt i nyare tid. Ein bør også ha eit fokus på handlingsboren kunnskap, særleg på område der folk i kommunen har vore med og prega utviklinga. Sunnmøre har sin eigen heilt unike kystkultur å take n vare på. Eksempel på dette kan vere utvikling av lokalproduserte båtmotorar, farty og fangstmetodar m.m. som spela ei viktig rolle i utviklinga.  Immaterielle kulturminne som forteljingar, musikk, arbeidsmetodar m.m., må ein også prøve dokumentere ved filming, lydopptak mm.

Her lyt ein bruke tid og ressursar til å  samle og få offentleggjort kunnskap og fakta.

1.5.1    Også private grunneigarar har eit ansvar for å take vare på kulturminne som ligg på deira private grunn. Ansvaret inneber at ein tek vare på og har tilsyn med kulturminna. Ansvaret kan også innebere å få til eit samarbeid om skilting, skjøtselstiltak m.m. Det er difor viktig å oppretthalde ei positiv interesse for kulturminne i kommunen.

2  Omfang av kulturminne

2.0.1    Det er mykje fint å take vare på i Giske kommune. Kommunen består av mange små og flate område fordelte på dei fire øyane Godøya, Giske, Valderøya og Vigra. Dette gjer det relativt enkelt å halde oversyn over kva ein har av kulturminne i kommunen. Utfordringa ligg i at det i kommunen har vore  og er ei sterk utbygging. Her må ein vere påpasseleg i høve til kulturminna. Det er til no registrert 60 automatisk freda kulturminne. To minne er ikkje freda (kyrkjer). Tre stader er vedtaksfreda. Eitt objekt er listeført (båt). I tillegg har ein fire verna landskapsområde med historisk verdi. Ytterlegare har ein 10 område med høg historisk verdi utan vern registrerte til no. Totalt 80. Det blir stadig gjort nye funn. Desse vert lagde inn etter kvart som dei vert offentleggjorde. Nye funn vert rullerte inn i planen. Av bygg eldre enn 1900-talet, er det 677 SEFRAK-registrerte bygg i kommunen. Kommunen held på med å oppdatere SEFRAK-registreringa frå 1980-talet. Arbeidet vil verte ferdig i denne rulleringsperioden.  Arbeidet vil m.a. vere grunnlaget for å fremje forslag i arealplanen for kommunen til omsynssone/vernesone rundt kulturminne der dette er naudsynt. Arbeidet vil få verknad for kommuneplanen. Dette vil også vere grunnlaget for framtidige tiltak retta mot grunneigarar av SEFRAK-registrerte hus.

3 Organisering og drift

3.0.1    Som tidlegare nemnt skal planen synleggjere organisering, drift, roller og ansvarsfordeling mellom ulike aktørar og nivå. Ein ønskjer å sjå på korleis private samlingar, lag, organisasjonar og enkeltpersonar kan medverke til å fremje og formidle eit rikare bilete av heile soga til Giske kommune fram til no.  Ein vil legge fram ein plan på korleis kommunen skal forvalte heile kulturlandskap og område som grenser inn til eksisterande forn- og kulturminne. Til slutt må ein stille spørsmål om korleis kommunen og innbyggjarane kan vere med på å ta vare på deira SEFRAK-bygg. Svaret på dette må visast igjen på mange nivå, m.a. i kommunen sin arealplan, private og offentlege reguleringsplanar m.v.

Det går eit skilje mellom offentlege og private aktørar i denne planen. Med offentleg aktør meiner ein her dei som har eit offentleg statleg, fylkeskommunalt, regionalt og/eller kommunalt ansvar for museum og kulturminne. Dette gjeld statlege og kommunale instansar, der offentleg økonomi også vert nytta i arbeidet.

3.0.2 Offentleg lokal medverknad

Giske kommune skal i sin visjon vere historisk og framtidsretta. Giske kommune tek gjennom museums- og kulturminneplanen visjonen på alvor. I lys av dette vert det også viktig for kommunen å kunne formidle og skape engasjement kring ulike tema. Kommunen vil bruke ulike metodar for å nå ut med informasjon til ulike grupper og alderssteg. Kommunen vil kunne vere:

1)      tilretteleggar for andre som ønskjer å fremje lokalsoga i tråd med retningslinene.

2)      samarbeidspart med andre.

3)      sjølvstendig part med ansvar for eigne tiltak og prosjekt.

3.0.3 Arkivet

Arkivet i Giske kommune er ein viktig aktør. Dei kan take vare på alle lokale arkiv, biletsamlingar etc. Desse kan leverast inn til kommunen. Spørsmål om arkivering kan rettast til kommunen. Kommunen kan gi faglege råd til private arkiv om ønskjeleg.  Giske kommune har ikkje kapasitet til å kunne tilby lokal lagringsplass for private arkiv i rådhuset, men vil formidle dette vidare til rette instans og fagorgan hjå sentrale arkiv. Herunder Interkommunalt Arkiv IKS Møre og Romsdal.

3.0.4 Biblioteket 

Giske folkebibliotek har fleire tilbod til folk som driv med slektsgransking. Biblioteket har datamaskiner med internettilgang som folk kan bruke gratis. Biblioteket legg vekt på å kjøpe inn lokalhistorisk materiale frå heile Sunnmøre, og kan skaffe bøker frå heile landet. I tillegg kan biblioteket yte hjelp ved nettsøking.

3.0.5 Godøy Kystmuseum

Godøy Kystmuseum er i dag ein del av Stiftinga Sunnmøre Museum og inngår som ei av 11 avdelingar i Sunnmøre museum. Stiftinga Sunnmøre Museum har hovudansvaret for alle desse musea. Dersom lokale museum og samlingar i kommunen ønskjer hjelp eller samarbeid med Sunnmøre museum, må dette samordnast gjennom Godøy Kystmuseum. Giske kommune oppnemner representant til Stiftinga Sunnmøre Museum. Sunnmøre museum og Giske kommune deler i dag likt på ei heil fast stilling som museumsformidlar ved Godøy Kystmuseum. www.sunnmore.museum.no

Samlingar med kommunal eigarskap og  medverknad

3.0.6 Solbakken skule

Giske kommune eig Solbakken skule og gjev eit fast driftstilskot til Solbakkens venner for å take vare på bygget og formidle skulehistoria i kommunen.  Solbakken skule var skule i tida 1893 og fram til ny barneskule blei bygd på Vigra i 1957. Solbakken blei også brukt som skule nokre få år seinare, fordi nyskulen vart for liten og måtte byggast på. Solbakkens venner har hatt bruksrett til bygget sidan 1990.

http://mr.kulturnett.no/institusjon/solbakken-skule

3.0.7    Alnes fyr er frå 1852 og blei freda i 2000. Kommunen har bruksrett på heile stasjonen på Alnes og eig området stasjonen ligg på. Kystverket har ansvar for vedlikehald av sjølve fyrtårnet.  Alnes fyr vert utlånt til stiftinga Alnes Fyr, som har drive med turistverksemd m.m. sida 1993. Fyret inneheld eit fyrmuseum og bildesamling av Ørnulf Opdahl.  www.alnesfyr.no

Det er under arbeid å kunne realisere eit besøkssenter og kulturbygg ved Alnes fyr. Dette skal avlaste noko av den belastninga som landskapet og det freda anlegget er utsette for i dag.

Samlingar med annan offentleg eigarskap og medverknad

3.0.8    Vigra kringkastar er foreslått freda i verneplanen frå Telenor (1998). Dette er eit samarbeid mellom Riksantikvaren, Telenor AS og Norsk Telemuseum. Det er oppretta ei samling som syner historia under 2. verdskrig ved radiostasjonen. Det er også montert ei minnetavle over krigen på staden. Masta blei riven i 2011, men dei fleste bygningane står att. Telemuseet har planar om å starte opp eit museumstilbod i bygga. Anlegget er no den einaste eksisterande radiostasjonen i sitt slag i landet. (Kjelde: verneplan for Telenors bygningar og installasjonar, 1998)

4 Private samlingar

Med private aktørar og samlingar meiner ein lag, organisasjonar og enkeltpersonar som eig eller driv tiltak innan kulturminneformidling. Nokre av desse kan også ha eit offentleg tilgjengeleg tilbod med faste opningstider, men sjølve drifta er gjord på frivillig basis og med inntekter frå anna hald enn det offentlege.

 

Print