Heim

Heim

Print

Topplogo

 

Velkommen til Giske kommune!

Bli med på ei rundreise i kommunen for å sjå kva ein kan finne av kulturskattar i landskapet.

Giske kommune har fire øyar med busetnad, Godøya, Giske, Valderøya og Vigra.I tillegg har kommenunen nokre holmar som det tidlegare har vore busetnad på. Kommunen er ikkje stor i areal, berre 40 km2. I dag bur det rundt 8 000 menneske i kommunen og folketalet aukar. Landskapet vert raskt utbygd og er i stor endring. Dette gjer at ein av og til kan stille spørsmål med kvifor det er viktig å ha fokus på kulturminne. Ein håper denne informasjonen kan  gi nokre tankar om dette. I høve til skulane kan denne informasjonen gi eit meir heilskapleg innspel til kva ein har av spor frå gamalt av i Giske kommune. Det er lagt opp til at ein kan søkje vidare og fordjupe seg i dei ulike tema, så langt ein finn truverdige kjelder.

På denne rundreisa kjem ein 30 000 år tilbake i tida ved presentasjon av Skjonghellaren. Ein kjem innom steinalder, som tok slutt for omlag 3500 år siodan, og fram til nyare tid. Det er spor etter dei første øybuarane. Kven var dei, og kva levde dei av? Korleis pregar landskapet folk? Ein vil også freiste å sjå på kva som kan bli morgondagens kulturminne. Ting som skjer no, men som i framtida kan bli viktige spor på vegen for kommunen. Dette er nokre ting ein håper å kunne gje nokre svar på.

På desse sidane kjem ein innom kva ein har av museum og kulturminne i kommunen. Ein vil også vise til andre Internett-linkar som kan fortellje noko om kulturminne i kommunen. Innhaldet er tufta på Museums- og kulturminneplanen for kommunen. Ein god del kulturminne har fått eit nummer som ein kan finne att i plandokumentet. Innhaldet her på Internett er utvida med fleire bilete og meir tekst.  Innhaldet vil kunne bli oppdatert etter kvart som ny informasjon dukkar opp. Bilete kan også bli skifta ut eller lagt til. Lesaren kan sende inn komentarar og bilete på e-post. Sjå: Kontakt Oss. Dette vil bli vurdert, og kan bli lagt ut på heimesida. Ein føreset fri bruk av tekst og bilete på alt som blir sendt inn.

Geir Leslie Bjørkelund
kulturkonsulent 
Giske kommune
Print
033774